Velkommen!

Obrestad hytteutleige er eit samarbeidsprosjekt mellom tre naboar på Obrestad. Me kan tilby kan tilby 6 hytter i det opne  jærlandskapet,   - under ein mektig himmel og med storhavet som næraste nabo.

 "Her susar vinden dag og natt. Og gråveret ligg lågt yvi  viddi, der haren rømer frå stein til stein og allslags brun og spettut og vill  fugl ligg i løynde reir og blinkar og blundar." (Frå "Fred" av Arne Garborg)

Her kan du få oppleva Jæren sin flotte og mektige natur, der vinden er kjenneteiknet. Naturopplevingar finn du like ved, og de kan få oppleva alt Jæren har å by på.

Stolpabua ligg på ein gard med  vakker utsikt over Jæren, Høg-Jæren og havet.   Det er 200 m til  sandstrand og Obrestad hamn.

 

Brekkebua er ei 100 år gamal stolpabu, som ligg med flott utsikt over Obrestad hamn, Kongevegen og stranda like ved.  Hytta ligg 200 m frå sjøen.

Høyloftet ligg like ved, og er ein ombygd del av låve. Same utsikt til havet.

 

Solbua er eit 50 år gamalt hus i to etasjar, med terasse og eigen hage, som ligg på Obrestad. Gangavstand til Obrestad hamn.

Stallen er ei mindre hytte som ligg like ved.

 

Sjå Jæren!

"Utanfor, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir lang laag Sandstrand..." skreiv Arne Garborg. Ja, det er eit vakkert syn. Men Jæren har også mykje anna å by på, og her finn du lenkjer til ulike stadar det kan vera verdt å besøka:

Hå Gamle prestegard

Vitengarden

Synesvarden/Steinkjerringa

Kongevegen