Hyttene ligg på same garden, på Obrestad. Brekkebua er eit ombygd stabbur + påbygg, og Høyloftet er ein ombygd del av løa på garden.
Begge hyttene ligg heilt framme på brekkekanten, og har ei fantastisk utsikt til havet og Obrestad hamn. Sjølv om hyttene ligg på garden, opplever ein at dei ligg skjerma i høve til dei som bur på garden. Ein køyrer bak løa for å koma til ein felles parkeringsplass for hyttene.
Høyloftet har også plass til samlingar med opptil 20 - 25 personar. Det er tilgang til ekstra bord og stolar. (Eigen avtale)
Prisar:
Brekkebua 1.100 kr. pr overnatting.
Høyloftet 1.300 kr. pr overnatting.
(For fleire detaljar om prisar, trykk linkar: Brekkebua Høyloftet )
Nytt tilbod for leigetakarar i Brekkebua og Høyloftet.
Jæren sauna har etablert sauna/badstu ved Obrestad hamn. Når du leiger Brekkebua eller Høyloftet vil du kunne leige badstu til halv pris.
Nytt badstu, med utsikt til sjøen. Se link Jæren sauna: Jæren sauna
(Ta kontakt med Leif Obrestad for veiledning når du skal betala for badstua.)
Dersom ein er mange som treng overnatting, går det fint å kombinera leige av begge hyttene. Ein kan og kombinera med dei andre hyttene på Obrestad, som ligg i gangavstand.
Brekkebua og Høyloftet har trådlaust internett, og Lyse tv-løysing.
2 fiskekort til Hå-elva kan leigast. Då kan ein fiska på strekket Obrestad - Vigre, som strekker seg over 2 km.