Ledige datoer og bestilling via Airbnb her

Stolpabua  8 (10) personar - Sjå fleire bilete her

Stabbur, bygd i 1936, 1. etg. 40m2 og  2. etg. 45m2. Eigen hage omkransar huset, og med steingard omkring. Hagemøblar høyrer til. 

Stolpabua er i dag i stor grad slik ho var opprinnleg.

Stolpabua ligg på ein gard med potet og gras-produksjon og med  vakker utsikt over Jæren, Høg-Jæren og havet.  Det er 200 m til  sandstrand.

Kjøken/stove: kjøleskap/m frys, oppvaskmaskin, induksjons komfyr, vaskekum med kaldt og varmt vatn,  kaffitraktar, fjernsyn, spisebord, sofa (dobbel sovesofa),  salongbord, stolar, elektrisk oppvarming og godt med skap og  skuffer. Wifi og raskt fiber-internett.

Bad: toalett, vask, dusj og fliselagt golv m/el. varme.

Loft: Soverom 1: dobbelseng 180 x 200cm med pocketfjør-madrasser. Utgang til terasse. Soverom 2: dobbelseng 180 x 200cm med pocketfjør-madrasser. Utgang til terasse. Soverom 3: dobbelseng 150 x 200cm med pocketfjør-madrasser. Soverom 4: dobbelseng 120 x 200cm med pocketfjør-madrasser. Soverom 5: Enkeltseng 90x200 cm. Det er og ein sovesofa i stova i 1. etasje på 140 x 200cm som kan nyttast ved behov..  Dyner og puter.

Terrasse: Fin utsikt til Obrestad Hamn. 

Gang: knaggar til yttertøy,  støvsugar og trapp opp til loftet.

I Stolpabua er det røykfritt.

I Stolpabua kan ein ikkje ha dyr inne, men ein kan ha dyr som kan vera ute.

Fiskekort til Hå-elva kan leigast. 

Vert: Even Obrestad Hægstad og Renate Tråsavik

Prisar

Pr overnatting for inntil 6 personar  kr. 1200,-
Pr veke for inntil 6 personar     kr. 7500,-
Pr overnatting pr person over 6 personar   kr. 100,-
Leige av sengetøy/handklede pr sett  kr. 100,-
Sluttreingjering kr. 800,-
Leige av fiskekort pr dag kr. 150,-

Ledige datoer og bestilling via Airbnb her


Til vanleg kan ein koma inn i hytta kl. 15.00.

Dersom ein tek reingjeringa sjølv kan ein vera i hytta fram til kl.14.00 på avreisedag. Dersom me skal ta reingjeringa vert utreisetidspunktet kl. 12.00.

Dette er hovudregel. Dersom ein ynskjer andre ordningar må dette avtalast.

NB: Teikninga er ikkje oppdatert med 5 soverom og viser dermed feil i 2. etasje..